28 mai, 2007

Siste post

No er eg tilbake i gamlelandet, nærmare bestemt Oslo. Og eg skal aldri, aldri meir til utlandet. I alle fall ikkje på nokre veker. Sidan eg byrja å blogga har eg budd i Bergen, Odense, Oslo og Berlin, og bloggen har vore fin å ha for å halda kontakt med familie og venner. Men no skal eg bu i Noreg, og behovet for å oppdatera og å bli oppdatert blir mindre. Dessutan så har interessa mi for å blogga dabba sakta av, det var gøy, men no er det blitt litt ork. Så dette blir siste posten min. De treff meg på facebook, på telefon eller i det verkelege livet. Me snakkast!

11 mai, 2007

Regn, regn, regn

Sidan eg kom til Berlin i september har det regna omtrent fem gonger. Eg har hatt bruk for regnsjakka, regnsbuksa og støvlane (ingen som har budd i Bergen reiser nokon stad utan) kanskje tre gonger. Så då eg skulle begynna å ta med meg ting heim igjen sidan eg snart skal flytta, så tenkte eg at rengskle kan eg trygt pakka ned. Men eg tok feil. Sidan eg kom tilbake til Berlin har det regna kvar dag, og mengden regn kan måla seg med Bergen på sitt beste.

I dag sto eg og øvde på Mendelssohn sin fiolinkonsert, som er den vakraste i heile verda, då med eitt blei dei mørkare i rommet. Eg titta ut vindauget, og lurte på kva som skjedde, for det var jo opphaldsvêr. Og så plutseleg, som om nokon hadde skrudd på ei kjempekran, hølja det ned. Det bråka og buldra og spruta, eg blei nesten redd. Dei stakkarane som jobba i nabohagen slapp det dei hadde i hendene og sprang under tak. Når eg ser ein film der det byrjar å regna usannsynleg mykje akkurat i det hovudpersonen får vita noko frykteleg, irriterer det meg alltid. Ikkje nok med at regn og fryktelege nyhende er ein klisje, men kvifor skal regnet alltid vera så urealistisk? Men det må eg berre slutta med, for no har eg sett at det verkeleg finnes filmregn. Men akkurat no har det letta litt, eg lurer på om eg rekk å gå ein tur i banken før det byrjar igjen.

08 mai, 2007

Tilbake i Berlin

Då er eg tilbake i Berlin etter nokre fine, men altfor få, dagar i Oslo. Me har brukt mykje tid på bryllupsplanlegging, og no er lokale og dato klart. Me tenker framleis på kven me skal invitera, eg trur eg heller mot foreldre, besteforeldre og søsken, og venner. I tillegg til dei i familien som bur i Oslo, og eit par ekstra søskenbarn. Me må tenka og diskutera litt til, og i byrjinga av juni håpar me å vera klare til å senda ut invitasjonar. Det blir gøy, eg ser for meg at det vert ein fantastisk fest. Og så har eg kjøpt sko, til 120 kroner. Veldig billig, og skoa var fine. Då er det berre omlag tusen ting att å fiksa.

Elles så har mobilen min, som eigentleg er Tor sin gamle, takka for seg etter eit drøyt års teneste. Eg vart litt fortvila, for eg har jo ikkje råd til ny mobil, men det viste seg at Jokke hadde ein gamal nokia liggande. Så no har eg ein god, gamal mobil utan kamera eller polyfone ringetonar eller anna dill, og trur eg kan leva med det ei stund. Det kjekke er at det er mogleg å laga sine eigne ringetonar, så ved eit passande høve skal eg spela inn både Internasjonalen og Arbeiderungdommens marsj.

25 april, 2007

Sukk

Sjølv om Jokke meiner det er for privat til å bloggast om så fortel eg det: Me skal gifta oss. Det er sjølvsagt veldig hyggelig og fint, og eg er glad. Men det som ikkje er så fint er kor vanskeleg det er å arrangera bryllup. Fyrst må ein bestemma kor mange gjester ein skal ha. Om eg tar med alle tanter, onklar, søskenbarn, besteforeldre, foreldre og søsken, og det blir ikkje skikkelig fest utan heile familien, kjem eg opp i omtrent 40 menneske. Og så vil eg gjerne invitera 10-15 venner. Det blir 50-55. Og viss det skal vera retferdig så må det gangast med to. Jokke har litt mindre familie enn meg, men fleire venner. Og plutselig er det 100 gjester. Det er vel realistisk at mellom 70 og 80 av dei kjem. Så då må ein finna eit lokale som er stort, billig, fint, og der det er lov å ta med mat og drikke. Og ikkje minst ledig. Fleire stader eg har ringt kan dei elskverdig fortella at alt er opptatt i oktober og november, og det har vore det lenge.

Men ein stad er det ledig. Problemet der er at dei er så inkompetente på kontoret at etter tre dagar med ringing (eg får berre telefonsvarar, og ingen respons på beskjedane eg har lagt igjen) og epostveksling har eg fått vita: "vi har ledig f.eks. 17. november" Ingenting om pris, fleire ledige dagar eller kva som finst av dekketøy på kjøkkenet. Og kontoret er stengt, av alle ting, på onsdagar. Pføy. Men i morgon prøver eg igjen.

20 april, 2007

Takk

I dag såg eg, for fyrste gong etter nesten åtte månadar i Berlin, byen som har fleire hundar per innbyggar enn Færøyene har sauar, nokon som plukka opp bæsjen etter hunden sin. Til mannen med det grå håret og dei rare brillene, på vegne av mange: Takk.

Elles kan eg fortella at eg vart vitne til eit drama på liv og død her om dagen. Trur eg. Ei kråke flaug inn i grantreet der dua eg har fulgt med på dei siste vekene har bygd reir. Kråka vart fyrst jaga av dua, men kom tilbake og vart ståande og hakka omtrent der reiret er ei stund. Så no reknar eg med at det ikkje er så mykje håp om å få sjå små duer som flyr for fyrste gong. Men dua som bygde reiret er i bakgården støtt og stadig like vel. Etter nærmare lesing på Wikipedia har eg lært at duer vanlegvis legg to kull med egg i året, kanskje ho prøver igjen. Eg har òg lest ein gong til om dei ulike dueartane, og sett på bileta, og eg trur det er ei ringdue, og ikkje ei skogsdue som eg fyrst trudde. Eg lo alltid litt av faren min som interesserte seg sånn for fuglane i hagen heima, men no har eg blitt sånn sjølv. Til neste bursdag skal eg ønska meg ei fuglebok.

09 april, 2007

Kommunikasjonar

Jokke er på påskebesøk i Berlin, og saman har me brukt guideboka mi flittig for å finna fram i byen. Eit av kapitla heiter Kommunikasjonar, og handlar om korleis ein bruker post- og teletenester i Berlin. I nynorskordboka står dette:

kommunikasjo'n m1 (frå lat., sjå *kommunisere)
1 samband, samferdsel gode k-ar godt offentleg transporttilbod
2 det å kommunisere (særl 1); bodskap(sformidling) k-en mellom partane svikta

Eg spør mine lesarar; er ordet kommunikasjonar brukt feil i guideboka mi? (Og er bruken av semikolon i forrige setning korrekt?) Ville det ikkje vore meir korrekt å skriva kommunikasjonsmidlar?

31 mars, 2007

Rune Rudberg

Eg har begynt å lika Rune Rudberg. Ikkje på ein ironisk, distansert måte, men på skikkelig. Med sånn passe mykje talent for musikk og show har han skaffa seg eit kjent namn og eit levebrød, det må han ha jobba hardt for å få til. Men det er heile nakenbiletesaka som har gjort at eg har gått frå uinteressert i heile mannen til å vera såpass engasjert at eg skriv ein bloggpost om det.

For dei som ikkje har sett biletet kan eg opplysa om at det openbart er tatt i nokon si stova, kanskje Rune si. Me ser ein svart skinnsofa og ein gitar som heng på veggen. I sofaen ligg ein naken Rune Rudberg, med eit handkle under rumpa, ein må jo passa på å ikkje laga flekkar i sofaen, og ved sida av han sitt ei like naken dama som vistnok er kjærasten. Utan å gå i detalj om kva dei gjer så har Rune det veldig fint, og kjærasten ser ut som ho morer seg, ho òg.

Mange meiner, eg er blant dei, at me ser for mange bileter av folk med for lite kle og at det er altfor mykje sex på tv, i musikkvideoer, aviser og blader. Eg trur problemet òg er at me ikkje ser nok ekte, kvardagsleg, hyggelig, mislukka, uperfekt og morosam sex. Problemet med pornoestetikken er ikkje berre at den er kjip, men at den er einerådande. Det finnes knapt bileter av nakne menneske som ikkje er porno og ikkje er henta frå oppslagsverk. Eg har ingen illusjonar om at biletet av Rune Rudberg vart lagt ut på nett for å bidra til folkeopplysinga, det var nom eit planlagt uhell for å selga fleire plater, men det er ein hyggelig bieffekt. Eg tipper at mange har hatt sex inspirert av kva dei gjer på biletet, og det er jo bra. Dessutan så har Rune Rudberg laga ein song om heile saka. Kanskje ikkje det største bidraget til musikklitteraturen, men når Mozart skreiv så mykje kjedeleg og intetsigande musikk som han gjorde, så syns eg at Rune Rudberg kan få framføra sine ordinære melodiar og teite tekstlinjer i fred. Og om ein legg godvillja til så svinger det til og med litt. Sjå videoen på dagbladet.no.

29 mars, 2007

Bygging i bakgården

Det er byggearbeid på gang i bakgården min. Eller kanskje det er ein bakhage, den har både dei typiske bakgårdstrekka, som ei lang rad med bosspann og eit overfylt sykkelstativ, og typiske hageting som kjøkkenhage, fleire tre, både store og små, plen og eit huskestativ. Men uansett kva det er, så vert det bygd der. Dei to siste dagane har ei hardtarbeidande skogdue flydd att og fram og henta byggemateriale. Den flyr frå det fine treet med alle dei lause kvistane og opp på det vesle huset, spaserer over taket og flaksar ned i grantreet og forsvinn ut av syne for meg. Og så flaksar og baksar den same vegen tilbake og hentar ein ny, liten kvist.

Eg blir sjølvsagt nyfiken når det er sånn aktivitet utafor vindauget mitt, og har søkt på nett om duer. Eg har funne ut at det er ei skogdue som underheld meg, men eg skulle så gjerne vist litt meir. Er det ho eller han som bygger reir? Eller begge to, og så er dei heilt like og jobbar på skift? Når kjem egga? Når vert dei klekte, og når kan eg sjå etter dueungane? Og bygger dua verkeleg reir i eit grantre? På grunn av eit gjerde får eg ikkje undersøkt, men eg ville valgt eit mindre stikkande tre om eg skulle bygd hus i eit.

26 mars, 2007

Vår i Berlin

No er våren komen til Berlin. Det har vore strålande sol dei siste dagane, og godt og varmt. Nokre tre og blomar blømer allereie, og folk har hengt fargerike påskeegg på buskane i hagane sine. Berre synd at eg har vore mage-sjuk eit par dagar, og har måtta sjå på våren frå innsida av leilegheita mi. Men i kveld var eg i god nok form til å tusla ein kveldstur, og i morgon satsar eg på å vera heilt frisk.

Eg skal jo flytta til Stavanger til hausten, og har begynt å førebu meg til det. Stavanger vert den fjerde byen eg bur i, utanom Oslo som eg har budd litt halvvegs så lenge eg har vore saman med Jokke, og eg merkar at eg har blitt litt meir rutinert no enn eg var dei fyrste gongene eg flytta. Eg er ikkje så nervøs og spent, fordi eg veit at ting ordnar seg, og eg veit kva eg treng å vita kvar er. Skule, hybel, treningssenter eller joggeskog, og matbutikk er dei viktigaste tinga å få på plass. Favorittkafé, konsertsalar, politiske møter og andre viktige tilleggsting kjem sånn litt etter kvart. Men det ser ut som om hybelutvalet i Stavanger er litt begrensa, så om nokon av lesarane mine har tips om korleis eg får tak i ein hybel som er billig, i god stand, nærme skulen og sentrum, og stille, så er det berre å ta kontakt.

23 mars, 2007

Kyllingsuppe

I går blei middagen min uvanleg vellukka, faktisk så vellukka at eg har skreve ned oppskrifta. Her er den:

Ingrediensar til ein porsjon
1 grilla kyllinglår
1 gulrot
2 små poteter (eller 1 stor)
10 cm purre
1/2 løk
ca 2 dl vatn
ca 1 dl mjølk
1 klatt smør
1 spiseskei mjøl
1 teskei buljongpulver, eller ein halv buljongterning (kva type er ikkje så farleg, berre det ikkje er fiskebuljong)

Sett ei lita til middels stor gryta på omnen med omtrent to dl vatn i, og skru på full guffe. Ta heller litt lite vatn fyrst, og fyll på så det dekker grønsakene om du ikkje hadde nok i frå byrjinga av. Skrell potetene og gulrota. Skjær potetene i i terningar, og gulrota og purren (sjekk godt mellom laga, det er ofte jord der som du må vaska vekk med kaldt vatn) i skiver, og ha det oppi vatnet saman med buljongen. La det koka i ti minutt medan du skjærer kyllingen i bitar (eg tok av skinnet, men dei som vil kan sikkert la det vera på) og dekkar bordet.

Hell innhaldet i gryta over i noko anna, og sett den tilbake over varmen. Ha i smør, vent til det er smelta, og rør i mjølet. No har du ein jamning av mjøl og smør, og du skal spe med mjølk. Ha i halvparten av mjølka og rør fort og masse, for å få ut klumpane. Ha i resten av mjølka, og rør fort og masse ein gong til medan det koker opp. Når det har kokt eit minutt eller to ser du at det er blitt litt tjukt, og du kan hella i grønsakskrafta. Det er ingen krise om du får med grønsakene òg, men då vert det vanskelegare å røra ut eventuelle klumpar som har lurt seg unna vispen. Rør til det kokar opp, og la det koka eit minutt eller to. Til slutt har du i grønsakene og kyllingen, og lar alt småkoka i to minutt. Og så er det berre å eta!